Invitert kunstner: Arne Vegar Pedersen

Summen av alle laster er konstant (2014) er ein serie på 20 analoge fotografiar à 50 × 40 × 2 cm med tilhøyrande tekst. Av desse er 10 fotografiar utstilt ved Høstutstillingen 2023.

I 2020 døde Arne Pedersen, 36 år gammal, og me mista ein ven, ein son, ein bror og ikkje minst eit medmenneske. Eg sit her no, 38 år gammal, og undrar meg over at eg har levd to år lenger enn det Arne kunne og fekk, samstundes som eg set pris på dei åra eg lærte Arne å kjenne – at me fekk dele nokre år i tjueåra der me kunne vandre gatelangs i Bergen fulle på flat hansaøl. Og kan hende dette kan verka som ei rar innleiing for å presentera ein kunstnar som er invitert til Høstutstillingen av Den Nasjonale Jury, men det er ikkje det, for i løpet av våre nattlege vandringar so såg Arne menneskjer, alle menneskjer. Han bøygde seg ned til folk som sov på benkar og spurde om alt var bra, han braut opp slåstkampar, og han vedkjende dei svake i bybildet i Bergen på 2010-talet utan å halde seg distansert, men heller halde kring dei og snakka med dei som medmenneskje. Desse minna om Arne ser eg ligg til grunn for masterprosjektet hans frå 2014, Summen av alle laster er konstant, som på eit nivå handlar om frykt, vald og nestekjærleik, men som på eit anna nivå handlar om det å vera menneskje, det å frykta, det å vera irrasjonell, det å føle med, og det å mista fatning og kontroll. Prosjektet i så måte er eit djupt og ærleg innblikk i Arne sitt kunstnarskap og liv – eit liv som mot slutten var prega av livet sjølv og kor brutalt han sjølv også kunne oppleva det. Livet som Arne so ømt jobba med i kunstnarskapet sitt, var også det som gjorde ende på livet hans. At me i juryen har valt å stilla ut kun 10 fotografiar frå denne serien viser også til eit anna viktig aspekt ved døden til ein kunstnar, av di det er kun 10 fotografiar som er igjen i den stand at dei kan stillast ut. Fleire av Arne sine arbeid kjem me kanskje aldri til å kunne sjå igjen, og med det er nokre heilt eigne, vakre betraktningar kring menneskjet også vekke. Og dette er kjend kunnskap; at etter at ein kunstnar går bort, so er det ikkje sikkert at eit ettermæle vil stå igjen – det eksisterer ikkje rammer som fangar opp det dei skapte, I staden er ein avhengige av at enkeltindivid kring den avdøde gjer dette arbeidet, gjennom eit krokete internasjonalt byråkrati for å få digital tilgang, samt finna økonomiske midlar for å ta vare på og lagre dei fysiske og digitale verka som står igjen.
Me vil rette ei stor takk til Arnes familie, som har tatt so godt imot dei som har vist interesse for Arnes kunstnarskap, og som har gjort det mogleg å dele arbeidet hans med dykk, slik at han kan halde fram med å hjelpa oss med sjå oss sjølv, og i det, sjå andre kring oss både høgt og lågt. Etter Arnes død kan ein sjå prosjekta hans i fleire perspektiv – eg ser dei medmenneskelege betraktningane over livet, og korleis det kan vera grusomt og vakkert på same tid, lik ei regntung natt i Bergen fylt med latter, men alltid også med eit auge for dei som ikkje kan le med oss. Eg vil avslutte med nokre av tankane kring Arnes prosjekt, slik han sjølv skildra det i den avsluttande teksten sin om Summen av alle laster er konstant, som vil gje enno eit lag til dette prosjektet, men også til den personen han var:

«Arbeidet handler ikke om frykt, vold og nestekjærlighet på et psykologisk plan, men heller et sosialt plan. Jeg ønsker ikke å skape noe ny teori om frykt, men heller å se på det fryktfylte samfunnet vi ofte kan oppleve å være i med et estetisk og poetisk blikk. Det er en finurlig greie at folk ofte gjerne snakker om de trivielle redslene de har, men det som gjør dem virkelig redd er ofte låst langt vekke inni dem selv. Nå er det veldig lett å dele meninger på nettet og de meningene er ofte et produkt av redsel. Frykt for noe nytt eller sinne for å miste det man allerede har. Det er derfor jeg har valgt å kalle arbeidet ’Summen av alle laster er konstant’, for alt vi bærer med oss er konstant.»

Marius Moldvær, på vegner av Den Nasjonale Jury