Statens kunstutstilling,
Høstutstillingen

Kunstkringkastingen

Skuleklasse frå Tøyen skole i Oslo på omvisning under Høstutstillingen 2018

Bakgrunn for prosjektet

Kunstkringkastinga er eit treårig prosjekt retta mot grunnskulen, med mål om å stimulere fleire barn og unge til engasjement og nysgjerrigheit kring samtidskunst, styrke samarbeid mellom kunstfeltet og skuleverket, samt gje involverte elevar eit langvarig forhold til kunst. Prosjektet er tredelt og inkluderer formidlingsprogram under sjølve utstillinga, seminar om samtidskunst i skulen kvar haust og eit meir generelt formidlingsseminar kvar vår. Over tusen elevar har blitt invitert til å besøke Høstutstillinga tre år på rad, i tillegg til å møte utvalte kunstnarar som deltek i utstillinga.Kunstkringkastinga er realisert takket være midlar frå Sparebankstiftelsen DNB.